Besøk på Fjellsprinten Hundehotell

Besøk på Fjellsprinten Hundehotell

DSC_0649-683x1024

Forrige fredag var eg på besøk på vakre Fjellsprinten Hundehotell, og fekk helse på og kose meg med mange nydelige små fjes!

(Nesten) midt i Norheimsund, ein av dei absolutt finaste bygdene eg veit om, med fjell og fjord og skog og hei!

Legg på litt haustfargar og herlig sol, så kunne ting ikkje bli betre.

 

Eg fekk vere med ein liten skokk hundar, og Fjellsprinteigaren Cathrine, på ein rundtur i skogen, og fekk nyte ei latterlig vakker utsikt ned til fjorden. At det kan vere så fint! Hundane sprang rundt og koste seg, og det vart mange sjangsar for fartsbilder. Meir hadde det vore om eg sjølv hadde klart å henge med. 😉

 

 

No Comments

Legg att eit svar