Flotte, fyrrige flatcoatretrieverar! Og litt BAT. :)

Flotte, fyrrige flatcoatretrieverar! Og litt BAT. :)

Ein liten hausthund!

Avsindig travle dagar for oss her i Logre! Det har gått litt meir ut over blogringa enn planlagt, men me kosar oss med hundar, fotograferingar, redigeringar, og som nyleg avslørt på facebook, fletting! Men meir om dette seinare. 🙂

 

Eg ville så gjerne blogre litt om

<!–more–>

nokre aldeles fantastisk nydelige flatcoat retrieverar som me var så heldige å få lov til å bli kjent med! Den vidunderlige Elin Søbstad, Noregs einaste sertifiserte BATinstruktør, lot oss nemlig få vere floge på veggen (fotograf på fortau 😀 ), medan ho trena litt BAT i lag med denne fantastiske firbeinte gjengen. Kan forklare litt kjapt og enkelt kva BAT er, for det er ikkje så alment kjent her i landet enno, men det sprer seg heldigvis og eg har sjølv erfaring med kor stor verknad det kan ha for hunden sin tryggleik.

<img class=»size-medium wp-image-89″ src=»http://blogre.logrehund.no/wp-content/uploads/2015/12/DSC3498-300×200.jpg» alt=»Dustin midt i ein BATsituasjon.» width=»300″ height=»200″ /> Dustin midt i ein BATsituasjon.

BAT står for Behavior adjustment training, og vart utvikla/satt i system av den utruleg dyktige <a href=»http://grishastewart.com/»>Grisha Stewart</a>.  BAT bygger på hunden sin eigen «kontroll over situasjonen», og har for eksempel spesielle båndteknikkar som ein nyttar for å «snakke» med hunden gjennom båndet, og BATtreningane går då, veeeeeldig enkelt forklart, ut på å gi hunden erfaring med å sjølv løyse situasjonar den eigentleg kan finne skumle, med å for eksempel gå der i frå. Det er latterlig enkelt, og utruleg komplisert. Eg har hatt ufatteleg stor nytte av det med eigen hund, så eg blir så vanvittig engasjert. 😀 Min Vafflus har hatt store problemer med forstyrrelsar i ein mengde variantar, men med god hjelp frå Elin har me kome laaaaaaangt og no går me stort sett rundt og gliser begge to. 😀

&nbsp;

Men nok om det! Eg må lære meg å stoppe. 😀

&nbsp;

I alle høve! Eg fekk vere med og snike, sjå på, kose med og fotografere deilige deilige Dustin, og elleville Eddie. Med bonussnussing fra Zupre Zanto! Juhuuuu! Me har vimsa rundt i Knarvik (og eg fant ut kvar lysløypa der er! Den ser fin ut, og me skal gå der snart. Burde vere ei mengde med fotomuligheter rundt den, fint i Knarvik!). Me har vimsa rundt i Åsane. (Og eg har lært at det er i Åsane, og ikkje -på- Åsane. Eller så var det omvendt. Uansett. Me var der. Og me fant ei bittelita stripe med haustfargar midt mellom ein parkeringsplass og motorvegen. Det skal så lite til av og til! Gøy!) Oooooog me har vimsa på Canis sitt treningsområde på Breistein, der me fekk utnytte både stor mark og vakker haustskog! Og ikkje minst, masse masse hundekos. Dustin, I love you!

 

1 Comment
  • ZantoZanto

    4. mars 2016 at 14:41 Svar

    Tusen takk for fabelaktig følge i Åsane (jepp – i er korrekt), på Breistein og Knarvik, herlige ord og info om BAT og selvsagt: fantastiske bilder! Dåkkar e best ? ? Dustin hilser og sier at han låver deg óg!

Legg att eit svar