Barkelona!

Barkelona!

B A R K E L O N A !

 

Det er virkelig på tide, og eigentleg i stor grad veldig på overtid, at eg fortel om mi største hundefotooppleving nokon sinne! Tidlegare i år var eg nemleg så heldig, at eg fekk vere ein av deltakarane på ei heilt utruleg samling av hundefotografar i sjølvaste Spania! Med fantastiske Nicole Begley frå Nicole Begley photography, med utrulege Charlotte Reeves frå Charlotte Reeves photography, og med euforiske Kaylee Greer frå Dog Breath Photography som heiagjeng og mentorar, var eg og ein haug andre frå heile kloden (junaiten, storbritannia og oseania!) samla i ein idyllisk liten landsby like utanfor Barcelona, for årets beste happening, Barkelona! Her var det satt av tid for læring av hundeadferd, for vandring i vakre Olivella og Sitges, for fotografering av hundar i fantastisk landskap, for massive etegilder, og for generell leik og moro!

Gin in Sitges, Spain

Gin in Sitges, Spain

Det var egentlig ingen som kunne førebu meg på kor ufatteleg lærerikt, morosamt og inspirerande dette vart. I løpet av den korte veka me var i lag, fekk me tatt haaaaugevis med bileter av ei mengde fantastiske hundar, tips og triks om etterbehandling, om hundeadferd, om media, om sjølvpromotering og samarbeid. Me var oppe tidleg og seint i seng, og utveksla erfaringar og engasjerte kvarandre til seint på kveld. Ei absolutt uvurderlig oppleving, som på ingen måte kan anbefalast høgt nok.

 

Denne erfaringa har inspirert og engasjert meg på ufatteleg mange vis, og eg har fått utruleg mange tankar og planar for Logre hundefoto framover, som eg ønskjer å dele med dykk alle! Eg gler meg enormt for framtidige hundefotoseansar, der me skal få leike med hundane og ta dei beste foto som mogleg er!

Behind the scenes

Behind the scenes with Blat, and Dogbreathphotography

 

 

 

 

Queue very short english summary. 😀

The most amazing thing happened to me this spring, as I was able to join the wonderful group of people at the best petphotography workshop – Barkelona. I just want to thank each and every one of the teachers, mentors, dogtrainers, dogowners and fellow participants of the incredible Barkelona-event. Thank you so much for being there, for planning it, for doing it, and for loving dogs! I have learned so much from you all! I am so happy I went, and should I get the chance, I’ll most definitely go for a Barkelona2!

No Comments

Legg att eit svar